|
Skiområde i Tottenskogen? |
|
|
|
|
Written by Administrator
|
|
Tuesday, 20 February 2007 15:49 |

Det kan bli skiheissamband fra Trøim sentrum til skisenteret I 1987 prøvde ein for fyrste gong å få ein ny nedfart frå Hemsedal Skisenter til Trøim sentrum inn i kommuneplanen. Kampen pågjekk heilt til 2003, og sidan har ein ny nedfart ligge inne i planane. Kostnaden med sjølve bakken er rekna til rundt 10 millionar kroner, og politikarane i Hemsedal tek stilling til planane i løpet av våren. Den største utfordringa blir å få dei skituristane som ønskjer det, attende til skisenteret.
Totten Utvikling as er klare for å løyse heile problemet, når dei planlegg heile tre skiheisar i Totteskogen. Den eine går frå der nedfarten endar, og oppunder det brattaste fjellet, med nedfart til hotellområdet. Den andre går frå hotelltomta oppunder fjellet, og den tredje går frå hotelltomta til skisenteret.
– Me ønskjer å skape eit familieområde med barnebakkar, men også samband attende til skisenteret, seier ein av grunneigarane i Totteskogen, Ola Halvard Jorde.
|
|
Last Updated on Tuesday, 25 November 2008 19:37 |